Klargjør siden...

Molde veks – fekk ja frå Nesset og Midsund

(NPK-NTB): Det braut ut jubel i rådhuset då det blei klart at Molde får med seg Nesset og Midsund inn i ein storkommune. Neste deltakar kan bli Gjemnes.

Ein halvtime etter at kommunestyret i Molde hadde starta sommarferien med lasagne, kom beskjeden om at fleirtalet av kollegaene i nabokommunane Nesset og Midsund hadde stemt for samanslåing. Stemmetala var høvesvis 12– 9 og 10-7, ifølgje Romsdals Budstikke.

– Vi har vore seriøse og laga gode, seriøse avtalar som vi no skal følgje opp. Forhandlingane har vore gode, vi har hatt eit godt klima. No trur eg Gjemnes kanskje vil følgje Nesset, seier ordførar Torgeir Dahl.

Gjemnes som også har inngått avtale med Molde og Nesset, skal gjere vedtak i neste veke.

Aukra og Vestnes har allereie stemt ned samanslåing med Molde. (©NPK)

Annonse