Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Marit Grefberg (80), kjent frå filmen om «Mormor og dei åtte ungane», brekte armen etter at ho blei stonga ned av ei ku i Langedrag naturpark. Det hindra henne ikkje frå å stå på scena.
npk@npk.no
Publisert: 16.08.2016 kl 17:55
Grefberg måtte opererast i etterkant av ulykka, skriv Budstikka.
– Eg stod ved sida av ei ku som var fastbunden. Plutseleg stonga den meg i brystkassa. Eg gjekk over ende så det song, forklarer Grefberg til avisa.
Ulykka skjedde i samband med sommarturneen til Grefberg i Numedal.
Sjølv om ho hadde sterke smerter i arm, hovud og nakke avlyste ho ikkje framsyninga i Torpo stavkyrkje.
I tillegg til rolla i filmen «Mormor og dei åtte ungane» basert på barneboka til Anne Cath Vestly, er ho kjent for å ha dratt i gang Bærum Barneteater. (©NPK)