Klargjør siden...

Mosul-offensiv kan tvinge 1 million på flukt

(NPK-NTB-Ritzau): Den venta militæroffensiven for å gjenerobre den nest største byen i Irak, Mosul, kan føre til at opptil éin million menneske blir tvungne på flukt, fryktar Røde Kors.

Mosul har vore kontrollert av IS dei siste to åra, og irakiske regjeringsstyrkar og regjeringsvennleg milits, støtta av den USA-leidde koalisjonen, planlegg no ein stor militæroffensiv mot millionbyen.

– Situasjonen er uviss, men vi må førebu oss på det verste. Det er eit sannsyn for at kampane vil bli hardare, spesielt i Mosul-området, seier Robert Mardini, direktør for Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) i Midtausten, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

3,4 millionar irakarar lever i dag som internt fordregne i landet sitt, der heile 10 millionar menneske er avhengige av humanitær hjelp. ICRC fryktar at tala vil auke betrakteleg i tida som kjem.

Også Flyktninghjelpen og International Rescue Committee har tidlegare åtvara om at ein offensiv for å gjenerobre Mosul, kan resultere i ei humanitær katastrofe. Dei to organisasjonane har anslått at ein offensiv mot byen vil drive rundt 1,2 millionar menneske på flukt.

Annonse