Mottak av flyktningar belastar sosialbudsjetta i Trøndelag

Over halvparten, 28 av 44 kommunar i Trøndelag har sprengt sosialbudsjettet. Fylkesmannen peikar på mottak og busetjing av flyktningar som ei av årsakene.

I Stjørdal har utgiftene til økonomisk sosialhjelp tredobla seg dei fem siste åra. I Namsos var det ein dobling berre i fjor. Begge kommunane har teke imot mange flyktningar, skriv Adresseavisen.

- Auken starta for oss i 2012. Då hadde vi utbetalingar på rundt 8 millionar kroner. Dette steig til 14 millionar i 2015, 25 millionar i 2017 og 28 millionar i fjor, seier ordførar Ivar Vigdenes (Sp) i Stjørdal til avisa.

- Berre auken i utbetaling av sosialhjelp sidan 2012 svarar til innsparingseffekten av å legge ned alle grendeskular gonger med tre, seier han.

Vigdenes åtvarar mot å gå i same felle som nabolandet vårt.

- Dette illustrerer at vi ikkje må få svenske tilstandar. Vi må føre ein restriktiv innvandringspolitikk av omsyn til statens og det offentleges finansar på lang sikt. Det er nokre kostnader her som er underkommuniserte òg fordi ein har ein viss berøringsangst med temaet, meiner Vigdenes.

Fylkesmannens kartlegging viser store variasjonar mellom dei 44 kommunane i Trøndelag, men to forhold blir trekt fram som forklaring på auken.

- Mange kommunar som har hatt betydeleg mottak og busetjing av flyktningar, har òg betydeleg vekst i sosialhjelpa. Vidare ser vi at omlegginga og endringar av ordninga med arbeidsavklaringspengar òg bidreg betydeleg i vekst i sosialhjelpa, seier oppvekst- og velferdsdirektør Erik Stene hos Fylkesmannen i Trøndelag.

(©NPK)