Annonse

Mount Everest har kravd sju liv på ei veke

Sju menneske har den siste veka mista livet på det høgaste fjellet i verda, Mount Everest. Fleire nordmenn har nådd toppen dei siste dagane.

41 grupper med til saman 378 klatrarar frå heile verda har fått løyve til å gå mott toppen av det høgaste fjellet i verda under årets klatresesong i april og mai.

Dette har resultert i enorme køar, og for enkelte har det enda med døden. Fredag vart det opplyst at ytterlegare tre klatrarar er funne omkomme, og Mount Everest har dermed kravd sju menneskeliv den siste veka.

- Ytterlegare to indiske klatrarar døydde i går på Mount Everest, seier ei talskvinne for turistdepartementet i Nepal.

Eitt av selskapa som organiserer ekspedisjonar opplyser at ein tredje klatrar mista livet torsdag.

Nærare 300 klatrarar har mista livet i forsøk på å nå toppen av Mount Everest, som første gong vart nådd av den nepalske sherpaen Tenzing Norgay og Edmund Hillary frå New Zealand i 1953.

Fleire nordmenn har lykkast med å nå toppen av det høgaste fjellet i verda den siste veka, blant dei 29 år gamle Håkon Skog Wiliam Erlandsen frå Mo i Rana som vart den første i verda til å spele saksofon på toppen.

27 år gamle Didrik Dukefoss vart første gudbrandsdøl til å nå toppen, og dei to rogalendingane Steinar Salte og Ole Jakob Kjølvik lykkast også.

Prestasjonane til dei norske klatrarane bleiknar likevel noko samanlikna med den nepalske sherpaen Kami Rita. 49-åringen nådde toppen av det 8.848 meter høge fjellet to gonger på ei veke og har no vore på toppen 24 gonger.

(©NPK)

Den nepalske sherpaen Tenzing Norgay og Edmund Hillary frå New Zealand kom alle andre i forkjøpet og nådde toppen av det høgste fjellet i verda, Mount Everest, alt i 1953. Foto: UPI / NTB scanpix