Mourinho fekk latterkrampe etter spørsmål om Tottenham-stjerne

På pressekonferansen til Tottenham fredag braut José Mourinho ut i full latter då ein journalist byrja å prate om Harry Kane.

Journalisten meinte Kane, som har vore ute av spel sidan starten av januar, såg ut til å vere i god form då han delte ut ein pris under meisterligaoppgjeret mellom Tottenham og Leipzig i London onsdag.

Då braut Mourinho ut i full latter. Han heldt seg til hovudet og klarte ikkje å stoppe å le.

– Eg prøver berre å finne nokre positive sider, sa journalisten.

Etter litt meir latter frå Mourinho fekk han spørsmål om korleis situasjonen er med stjernespissen.

– Han ser heilt grei ut, var svaret til Mourinho, før journalisten følgde opp med å spørje korleis det var med Dele Alli.

Då byrja portugisaren igjen å le.

– Å herregud, svarte Mourinho.

Men latteren kan fort bli om til tårer, for skadesituasjonen til Spurs er ikkje veldig lys om dagen. Kane er ute i minst eit par veker til, medan Son Heung-min er ute i fleire veker med armbrot. I tillegg er Juan Foyth og Moussa Sissoko ute med skadar.

Med alle skadane friskt i minne meiner Mourinho at det er ein større prestasjon å bli topp fire i Premier League denne sesongen, slik at dei kvalifiserer seg til meisterligaen neste sesong, enn 2.-plassen med Manchester United i 2017/18-sesongen.

– Under desse omstenda – ja.

(©NPK)

José Mourinho var i godt humør fredag. Dette er frå kampen mot Aston Villa, der han også var blid. Foto: AP Photo / Rui Vieira / NTB scanpix.