Mourinho ferdig som Manchester United-manager

Manchester United opplyser at José Mourinho sluttar som manager i klubben med ein gong.

Portugisaren fekk to og eit halvt år i managerstolen i den engelske storklubben.

Denne hausten har United skuffa sportsleg og allereie hamna langt bak dei største rivalane på Premier League-tabellen. Derfor var det til slutt uunngåeleg at klubben og Mourinho måtte skilje lag.

United skriv på nettstaden sin at klubben takkar Mourinho for jobben han har gjort og ønsker han suksess i framtida.

Manchester-klubben kjem til å utnemne ein mellombels manager som skal leie laget ut inneverande sesong.

(©NPK)

José Mourinho er ferdig som manager i Manchester United. Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB scanpix