ANNONSE
Annonse

Moyes og West Ham hentar driblefant frå Burnley

Den ivorianske kantspelaren Maxwel Cornet har signert for West Ham. Han forlèt Burnley etter at dei rykte ned frå Premier League førre sesong.

25-åringen har signert ein femårsavtale med opsjon på endå eitt år, opplyser West Ham på nettsidene sine. Han skal ifølgje overgangsekspert Fabrizio Romano koste London-klubben 17,5 millionar pund (207 millionar norske kroner).

Cornet vart henta til Burnley frå Lyon før førre sesong og var eitt av få lyspunkt for laget som til slutt måtte ta den tunge turen ned til meisterskapsserien.

No får ivorianaren eit nytt forsøk i Premier League. West Ham har tidlegare denne sommaren henta Gianluca Scamacca, Flynn Downes og Nayef Aguerd. I tillegg har målvakta Alphonse Areola gjort kontrakten sin med klubben permanent etter å ha vore førre sesong på lån.

(©NPK)

ANNONSE
Annonse