Mujcic frå norsk 3. divisjon til europeisk meisterlag

Mirza Mujcic (24) har fullført ein oppsiktsvekkjande overgang frå Lysekloster på nivå fire i norsk fotball til den slovenske dobbeltvinnaren Olimpija Ljubljana.

Mirza Mujcic (24) har fullført ein oppsiktsvekkjande overgang frå Lysekloster på nivå fire i norsk fotball til den slovenske dobbeltvinnaren Olimpija Ljubljana.

- Eg kan ikkje tenke meg at noko sånt har skjedd før. Han går til A-stallen i eit godt lag, seier breiddefotballekspert Jørgen Tjærnås til Aftenposten.

Det var BA som først omtalte saka. Svensken med bosnisk bakgrunn fekk nyleg tilbod om å vere med Olimpija Ljubljana på treningsleir i Tyrkia. Etter eit vellykka treningsopphald kjøpte klubben han frå Lysekloster.

- Det var overraskande at dei ville ha meg med på leiren, men eg fekk vist korleis eg er. Det er gøy at dei ville hente meg, seier Mujcic til Aftenposten.

Den nye klubben hans vann både serien og cupen i Slovenia førre sesong og tok seg til siste runde i europaligakvalifiseringa.

- Det er både positive og negative sider ved dette. Det er kjipt å forlate Lysekloster, som har vore som ein andre heim for meg. Samtidig er det ei stor moglegheit og eit stort steg for meg, seier Mujcic.

Denne sesongen er Olimpija på andreplass i serien, ni poeng bak leiarlaget Maribor. Mujcic har fått kontrakt ut sesongen, altså til sommaren.

Mujcic blir skildra av Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik som ein spelande midtstoppar med fysikk og spesielt gode evner med ballen, som kan slå 70-meterpasningar med begge bein. Toppfotball blir ikkje nytt for han. Han har kampar i Allsvenskan for GAIS.

(©NPK)

Mirza Mujcic, her i aksjon for Brattvåg i ein cupkamp mot Rosenborg i fjor, har tatt steget frå nivå fire i norsk fotball til den slovenske dobbeltvinnaren Olimpija Ljubljana. Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix