Myggmiddel kan vere årsak til sjuke diplomatar på Cuba

Eit middel som vart brukt mot mygg, kan vere årsaka til at utanlandske diplomatar på Cuba vart uforklarleg sjuke, ifølgje ein studie frå Canada.

Ein studie utført av forskarar ved Dalhousie University i samarbeid med Nova Scotia Health Authority viser at det kan vere eit middel som blir brukt mot mygg, som kan vere årsaka til at utanlandske diplomatar på Cuba vart sjuke i 2016 og 2017, skriv Reuters.

Fleire canadiske og amerikanske diplomatar og familiemedlemmene deira melde mellom anna om høyrselsproblem, dårleg syn, hovudverk og svimmelheit under opphaldet deira på Cuba.

Symptoma vart seinare kalla for Havanna-syndromet, kalla opp etter den cubanske hovudstaden.

Nervemiddel

Det var lenge snakk om at mystiske lydar var årsaka, som «spesifikke angrep» av høgfrekvent lyd. Også lydar frå paringsklare grashopper har vorte nemnde. Dette avviser forskarane.

- Dette har ikkje noko å gjere med akustiske angrep, konkluderer Radio-Canada i samandraget sitt av studien.

- Den meir sannsynlege årsaka er nervemiddel, som blir brukt mot mygg.

Studiet fann at kolinesterase, eit viktig enzym som blir kravd for at nervesystemet skal fungere, har vorte blokkert hos dei canadiske diplomatane dei undersøkte. Nokre middel mot mygg verkar hemmande på kolinesterase, ifølgje studien, skriv Reuters.

26 personar deltok i studien, av desse ei kontrollgruppe av personar som aldri har budd på Cuba. Dei tok blodprøvar og hjerneskanning.

Forskarane understrekar likevel at det trengst meir forsking for at dei kan slå fast at myggmiddel er årsaka.

Sprøytet heime

Cuba sprøytar jamleg med pesticid, kjemiske midldel mot skadelege organismar, for å drepe sjukdomsberande insekt. Mellom anna sette cubanske styresmakter i 2016 i gang ein aggressiv kampanje mot mygg for å stoppe spreiinga av zikavirus.

Ifølgje Radio-Canada vart kontor og bustadene til diplomatane sprøyta med dette middelet, og forskarane set sjukdommen i samanheng med sprøytinga av myggmiddelet.

Amerikanske styresmakter har verken stadfesta eller avvist moglegheita for at det kan ha dreidd seg om eit angrep i form av ei akustisk eining som skal ha sendt ut høgfrekvent lyd, ein påstand det ikkje er funne bevis for. Canadiske styresmakter uttalte etter kvart at det var usannsynleg. Påstanden kom frå diplomatane, som sa dei høyrde ein høg lyd.

Ei rekke diplomatar frå både USA og Canada har vorte sende heim frå Cuba som følgje av å ha vorte sjuke. Cuba har nekta for å ha ansvar for helseplagene til diplomatane.

(©NPK)

Cuba har heile tida nekta for å ha noko med den uforklarlege sjukdommen til diplomatar som har vore stasjonert i Havanna. Ifølgje forskarane tyder mykje på at diplomatane blei eksponerte for myggmiddel. Foto: AP / NTB scanpix