Annonse

Næringsministeren: Vi er klare til å forhandle med Storbritannia

Etter brakvalet til det konservative partiet i Storbritannia, er det duka for handelsforhandlingar mellom Noreg og britane så snart dei er klare for det.

Annonse

– Valresultatet torsdag fjernar mykje av uvissa som har vore knytt til brexit fram til no, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) etter at det britiske valresultatet vart klart fredag.

– Handelen mellom Noreg og Storbritannia vil halde fram som før i overgangsperioden, og vi vil legge inn alle krefter for å forhandle fram ein frihandelsavtale med Storbritannia i 2020. Der vil målet vere å vidareføre mest mogleg av det tette økonomiske samarbeidet vi allereie har i dag, seier han vidare.

Så langt i 2019 er den britiske marknaden Noregs femte største eksportmarknader målt i verdi. Medrekna november har Noreg eksportert 145.000 tonn sjømat, til ein verdi av 5,8 milliardar kroner.

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik (Frp) seier utfallet av valet i Storbritannia skaper stabilitet for sjømatnæringa.

– Med ei ordna uttrekking unngår vi kaos og køar på grensa. Dette har vore eitt av dei store uvissemomenta dersom Storbritannia skulle forlate EU utan ein avtale, seier Nesvik.

(©NPK)

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er klar til dei kommande handelsforhandlingane med Storbritannia. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix