Annonse

Narvesen og 7-Eleven kallar tilbake lighterar

Narvesen og 7-Eleven stoppar salet av lighterar frå produsenten Sia Vengo etter at ein kunde varsla om at ein slik lighter hadde eksplodert.

Annonse

- Det var ei relativt udramatisk hending, men vi vel likevel å trekke lighterane frå marknaden for å vere på den sikre sida, seier kommunikasjonsdirektør Marit Sælid Johannessen i Reitan Convenience Norway til NTB. Hendinga forårsaka ingen skade på personar eller materiell.

Kundar som har kjøpt lighteren blir bedne om å levere han tilbake hos Narvesen eller 7-Eleven eller kaste han i behaldarar for brannfarleg avfall.

Dei aktuelle lighterane er kvite og har påtrykt logoane til kjedene.

(©NPK)

Narvesen og 7-Eleven kallar tilbake lighterar frå produsenten Sia Vengo etter melding frå ein kunde om at ein slik lighter hadde eksplodert. Foto: Reitangruppen / NTB scanpix