NASA-astronaut set kvinnerekord i rommet

NASA-astronauten Christina Koch skal vere nesten eit heilt år på den internasjonale romstasjonen og kjem dermed til å setje ny kvinnerekord i rommet.

Christina Koch skal vere på den internasjonale romstasjonen (ISS) i elleve månader, fram til februar 2020. Opphaldet slår ikkje den amerikanske rekorden på 340 samanhengande dagar i verdsrommet, men det er ny rekord for kvinner.

Den ståande rekorden for kvinner er på 288 dagar, og den kjem Koch til å ha slått i slutten av desember. Vanlegvis er astronautane på den internasjonale romstasjonen i seks månader.

NASA-astronauten visste allereie før ho drog til romstasjonen i mars, at opphaldet hennar kunne vare heilt inn i 2020. Ifølgje nyheitsbyrået AP har astronauten sagt at «det er fantastisk». Også ein annan NASA-astronaut får forlengd opphaldet sitt på romstasjonen.

Den pensjonerte astronauten Peggy Whitson har den gamle kvinnerekorden.

(©NPK)

I desember kjem den amerikanske astronauten Christina Koch til å vere den kvinna som har vore lengst
utan avbrot i rommet. Foto: Dmitri Lovetsky / AP / NTB scanpix