Nato avviser russisk krav om uttrekking frå Romania og Bulgaria

Nato avviser kontant Russlands krav om at alliansen må trekkje styrkane og våpensystema sine ut av Romania og Bulgaria.

Dei to landa, som før Sovjetunionen fall i 1991, var ein del av Warszawapakta, har vore medlemmer av Nato i 18 år.

Under møtet om Ukraina-krisa mellom Russlands utanriksminister Sergej Lavrov og den amerikanske motparten hans, Antony Blinken, i Genève fredag kravde Russland at utanlandske «styrkar, utstyr og våpen» blir trekte ut av Nato-land som ikkje var medlem før 1997. Bulgaria og Romania vart nemnde spesielt.

Nato avviser kravet kontant og kallar det uakseptabelt.

– Nato kjem ikkje til å gi avkall på evna til å verne og forsvare kvarandre, inkludert med nærvær av styrkar i den austlege delen av alliansen, seier talsperson for Nato Oana Lungescu.

– Russlands krav ville skape første- og andreklasses Nato-medlemmer, noko vi ikkje kan akseptere, seier ho.

Bulgaria og Romania reagerer også sterkt på kravet frå Russland.

– Russlands krav om tilbaketrekking av Nato-styrkar frå Bulgaria er uakseptabelt og meiningslaust, seier Bulgarias president Rumen Radev, som blir rekna som prorussisk.

– Eit slikt krav er uakseptabelt og kan ikkje vere del av ei forhandling, seier det rumenske utanriksdepartementet i ei fråsegn.

Styresmaktene i Romania seier at Nato-nærværet i allierte land er ein «rein defensiv reaksjon mot Russlands stadig meir aggressive oppførsel i nærområda, som dei er i ferd med å trappe opp trass i forsøka frå Nato på å få til konstruktiv dialog».

(©NPK)