Annonse

Nato går vidare med norsk-tysk initiativ

Nato opprettar ein eigen, koordinerande eining som skal avdekkje svakheiter i kritisk, undersjøisk infrastruktur.

– Dette vil støtte opp under innsatsen vår for å førebyggje og motverke truslar mot kritisk infrastruktur, inkludert undersjøiske kablar og røyrleidningar, sa Nato-sjef Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse måndag.

Eininga skal halde til på Natos hovudkvarter i Brussel.

Stoltenberg varsla også at Nato vil ta fleire initiativ for å trappe opp sikringa av kritisk infrastruktur under toppmøtet i Vilnius i sommar.

Det var statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Tysklands statsminister Olaf Scholz som i fjor vinter foreslo å opprette eit eige Nato-senter for å verne viktig energi-infrastruktur.

Initiativet kom etter eksplosjonane på dei to Nord Stream-røyrleidningane i Austersjøen.

(©NPK)

Nato-sjef Jens Stoltenberg fortel at det skal opprettast ei eiga koordinerande eining for å verne kritisk infrastruktur. Foto: AP / NTB

Jonas Gahr Støre og Olaf Scholz tok initiativ til å opprette eit eige Nato-senter for å verne kritisk infrastruktur då Støre var i Berlin i fjor. Foto: Javad Parsa / NTB