ANNONSE
Annonse

Nato gir tryggingsstøtte til Qatar-VM

Nato skal hjelpe Qatar og Fifa med tryggingsstøtte under fotball-VM.

«Som ein del av det nære samarbeidet mellom Qatar og Nato, vil den nordatlantiske alliansen gi støtte til tryggleiksaspekta ved verdsmeisterskapet til det internasjonale fotballforbundet (Fifa)» skriv Nato på nettsida si.

Støtta inneber opplæring mot truslar av kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære materiale, opplyser dei.

Nato skal også hjelpe til med opplæring for vern av «svært viktige personar» og for å motverke truslar frå eksplosive einingar.

«Ei første treningsøkt om kjemiske, biologiske, radiologiske og nukleære truslar vart gjennomført i mai i Slovakia.», skriv Nato.

Fotball-VM i Qatar går av stabelen 21. november og varer fram til 18. desember 2022.

(©NPK)

Nato skal hjelpe Fifa og Qatar med tryggleiken under Fotball-VM 2022.
Foto: Olivier Matthys / AP / NTB

ANNONSE
Annonse