Nato pustar ut etter Trump-panikk

USAs president Donald Trump utløyste fullt kaos på Nato-hovudkvarteret med truslar om å gå eigne vegar i staden. Men dei allierte klarte å ro toppmøtet i land.

Ei kort melding frå nyheitsbyrået DPA utløyste torsdag eit brått stemningsskifte på pressesenteret under det som først låg an til å bli ein roleg siste dag på NATOs toppmøte i Brussel.

Ifølgje DPAs kjelder hadde Trump nemleg kome med opne truslar inne på møterommet om amerikansk åleinegang i forsvarspolitikken viss ikkje andre allierte omgåande aukar forsvarsbudsjetta til 2 prosent av BNP.

Utspelet til Trump førte til at dei allierte bestemde seg for å halda eit ekstraordinært krisemøte om pengespørsmålet.

Nektar for ultimatum

Av enkelte blei utspelet tolka som eit ultimatum og ein trussel om å trekkja USA ut av Nato.

Men noko slikt var det aldri snakk om, forsikrar statsminister Erna Solberg (H).

- Han tok eigentleg ikkje opp att så mykje anna enn det bodskapen han var før møtet. Men det var kanskje eit behov for å lufta litt ut, for diskusjonane i går blei meir prega av ferdigskrivne manus, seier Solberg til NTB.

- Eg oppfattar ikkje at han på noko tidspunkt skal ha sagt at han ikkje skulle delta i Nato. Det trur eg vil vera ei heilt feil tolking av det som blei sagt i møtet, seier ho.

Erklærte siger

Ifølgje nyheitsbyrået Reuters, som viser til velinformerte kjelder, skal Trump ha snakka om å «gå sine eigne vegar», men utan at det var snakk om nokon direkte trussel om å trekkja seg ut av Nato.

NTB har fått stadfesta frå ei kjelde med kjennskap til samtalane at ordlyden til Trump skal ha vore omtrent slik Reuters har rapportert.

Kravet til Trump har vore at europeiske allierte må ta ein mykje større del av rekninga i Nato. Han meiner det er urettferdig overfor amerikanske skattebetalarar at USA i dag legg store summar på bordet for å garantera for tryggleiken til rike europeiske land.

Då han møtte pressa etter krisesamtalane, erklærte Trump at han hadde klart å tvinga fram «enorme» framsteg på møtet.

- Alle har blitt samde om å auka forpliktingane vesentleg. Dei skal auka til nivå dei aldri har vurdert tidlegare, sa Trump.

Nødvendig diskusjon

Stoltenberg seier det blei tydeleg på møtet at det var nødvendig med ein ekstra runde om forsvarsbudsjetta, eit tema dei allierte eigentleg hadde gjort seg ferdige med dagen i førevegen.

- Vi har hatt ein god diskusjon. Og president Trump har ein direkte stil. Han seier kva han meiner. Og det er ein stil som er annleis enn andre politiske leiarar. Men det er jo ikkje noko nytt at USA pressar på for å få dei landa som brukar mindre enn to prosent av BNP, til å investera meir, seier han.

Stoltenberg meiner Nato alt i alt kjem styrkt ut av diskusjonen.

- Det har vore eit møte der landa har forstått alvoret når det gjeld det å investere meir i forsvar. Eg trur landa no forstår at dette hastar, og at det er viktig å levera på det, seier han.


(©NPK)



USAs president Donald Trump hadde med seg utanriksminister Mike Pompeo og tryggingsrådgjevar John Bolton då han møtte pressa på NATOs toppmøte i Brussel. Foto: AP / NTB scanpix



USAs president Donald Trump avslutta NATO-toppmøtet i Brussel med ein pressekonferanse. Foto: AP / NTB scanpix



Nato måtte halda ekstra diskusjonsrundar om forsvarsbudsjetta til dei allierte på den siste dagen av det to dagar lange toppmøtet i Brussel. Foto: AP / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...