Klargjør siden...

Nato reagerer på russiske militærplanar

(NPK-NTB-Reuters): Russland vil oppretta fire nye militære divisjonar i dei vestlege og sentrale delane av landet i år. NATO-sjef Jens Stoltenberg meiner landet bidreg til å auka spenningsnivået.

– Verda har blitt farlegare, og ei av årsakene er at vi ser eit meir aggressivt Russland, seier Stoltenberg til NRK.

– Vi ser eit Russland som rustar opp, vi ser eit Russland som brukar militærmakt, og vi ser ein aggressiv retorikk som bidreg til auka spenningar. Det må vi handtera, det må vi svara på, og det er det Nato gjer ved å gjennomføra den mest omfattande omstillinga sidan den kalde krigen, seier han.

Russland hevdar derimot at dei nye divisjonane er eit svar på at Nato-landa held stadig fleire og større øvingar.

– Opprettinga av desse divisjonane er eit svar på den auka intensiteten i øvingar vi har sett i NATOs medlemsland nyleg, seier øvstkommanderande for dei russiske landstyrkane Oleg Saljukov til nyheitsbyrået RIA Novosti.

Det er ikkje kjent kor dei nye divisjonane vil bli stasjonerte, men kvar divisjon tel vanlegvis rundt 10.000 soldatar.

Russlands forsvarsminister Sergej Sjojgu opplyste tidlegare i månaden at det i 2016 skulle opprettast tre nye divisjonar vest i landet. Fem nye regiment skal samtidig utstyrast med strategisk atomvåpen, sa han.

(©NPK)

Annonse