Nato skal hjelpe Ukraina med datatryggleik

Nato og Ukraina har signert ein avtale om at forsvarsalliansen skal hjelpe landet med datatryggleik. Det skjer etter dei storstilte hackarangrepa førre veke.

Avtalen vart underteikna måndag, og ekspertar frå Nato og medlemslanda i alliansen er allereie på plass og jobbar saman med Ukraina for å handtere det seinaste angrepet, ifølgje generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg.

Dei ukrainske styresmaktene sa søndag at dei hadde bevis for at Russland stod bak det omfattande dataangrepet som førre veke slo ut nettsidene til styresmaktene. Styresmaktene i Russland avviser at dei står bak.

Den nye avtalen inneber tettare datasamarbeid. Mellom anna får Ukraina tilgang til Nato-plattforma der informasjon om skadeleg programvare blir delt.

– Med denne fornya avtalen vil vi utvide samarbeidet med Ukraina for å støtte dei i moderniseringa av informasjonsteknologien og kommunikasjonstenestene i landet, seier Ludwig Decamps, sjef for Nato-kontoret for informasjon og kommunikasjon.

Utdanning av ukrainsk personell kan inngå dersom det trengst, legg han til.

Dataangrepet mot Ukraina kom samtidig som forholdet mellom Russland og Vesten er svært spent.

(©NPK)