Annonse

Nato stadfestar at romangrep kan utløyse artikkel 5

Dei allierte i Nato fastslår at angrep i verdsrommet kan utløyse artikkel 5 om felles forsvar.

Annonse

Artikkel 5 i Nato-pakta seier at eit angrep på éin skal sjåast på som eit angrep på alle.

I slutterklæringa frå Nato toppmøte i Brussel måndag blir det no fastslått at angrep i verdsrommet kan utløyse denne artikkelen. Det skal avgjerast frå sak til sak om det er aktuelt å ta i bruk artikkel 5.

Det same gjeld hybridangrep og cyberangrep.

Nato avgjorde i 2019 at verdsrommet skal sjåast på som eit eige operativt domene.

(©NPK)

Natos generalsekretær Jens Stoltenberg på ein pressekonferanse etter toppmøte i alliansen i Brussel måndag. Foto: Torstein Bøe / NTB