Annonse

Nato lovar å halde flyplassen i Kabul i drift

Nato-landa vil framleis finansiere drifta av den sivile flyplassen i Afghanistans hovudstad Kabul sjølv etter at Nato og USAs styrkar er ute.

I ein felles fråsegn frå Nato-toppmøtet på måndag heiter det at forsvarsalliansen i ein overgangsfase vil sørgje for finansiering slik at flyplassen framleis kan fungere.

Det blir òg understreka at flyplassen spelar ei viktig rolle for å sikre sambandet med omverda og eit varig diplomatisk og internasjonalt nærvær.

Det har tidlegare vorte meldt at Tyrkia er villige til å la soldatar bli verande igjen i landet for å verne flyplassen.

Søndag uttalte president Recep Tayyip Erdogan at Tyrkia kjem til å vere det einaste pålitelege landet som blir igjen for å stabilisere Afghanistan etter at USA har trekt ut alle soldatane sine.

Tilbaketrekkinga frå Afghanistan har byrja og skal vere fullført innan 11. september, 20 år etter invasjonen som førte til at Taliban vart styrta frå makta.

(©NPK)