Annonse

Nav ser ikkje bort frå ein større trygdeskandale

Nav set ned eit utval som skal finne ut om trygdeskandalen strekker seg lenger tilbake i tid og er meir omfattande enn det som så langt har vore kjent.

Ein eigen rapport med rettslege vurderingar rundt praktiseringa av reglane for å ta med trygdeytingar til andre EØS-land kjem først til å bli avlevert 2. desember - rundt fem veker etter at Riksadvokaten bad om ein ny gjennomgang om trygdeskandalen «så snart som mogleg».

«Vi vil oversende rapporten til Riksadvokaten når den foreligger» , skriv Nav-direktør Sigrun Vågeng i eit brev fredag.

Ekspertar

Nav set no saman «ei brei sammansett gruppe juristar og andre ekspertar» som skal sjå på om også saker frå før 2012 - og for andre trygdeytingar enn AAP, sjukepengar og pleiepengar - kan falle inn under Nav-skandalen. Nav hadde sjølv sett frå 1. juni 2012 og fram til i dag som den relevante perioden å sjå på moglege brot på EØS-reglane og har ikkje vurdert om lovforståinga òg før 1. juni 2012 har vore i strid med EØS-forpliktingane, slik fleire juridiske ekspertar har antyda.

«Fra ulike hold er det reist spørsmål om holdbarheten av at skjæringspunktet fastsettes til omtalte tidspunkt» , skreiv nyleg avgått riksadvokat Tor-Aksel Busch i brevet sitt til Nav i slutten av førre månad.

Også andre sakstypar?

Det er så langt berre slått fast at lova har vorte tolka feil i saker frå etter 2012 og for dei nemnde tre ytingane. I alle tilfella dreier det seg om opphald i andre EØS-land medan ein fekk utbetalingar frå Nav.

I Riksadvokatens brev heiter det òg at Nav blir bedt om å «klargjøre om andre sakstyper omfattes av forordningen og således kan være beheftet med tilsvarende feil. Av hensyn til de berørte er det også her viktig med en snarlig tilbakemelding.»

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix