Annonse

Nav-sjefen og statsråden usamde om kjennskap til moglege justismord

Nav-sjef Sigrun Vågeng og arbeidsminister Anniken Hauglie er ikkje samde om når Nav forstod at feil regelforståing kunne føre til at uskuldige vart dømde.

Annonse

- Det er veldig alvorleg at Nav allereie i februar 2019 sit på kunnskap om at det fanst pågåande straffesaker, som følgje av feil rettspraksis. Det er informasjon som departementet først fekk 30. august, sa Hauglie (H) til VG onsdag.

Ho viser til eit internt brev datert 25. februar, som mellom anna vart sendt til ytingsdirektør Kjersti Monland.

Vågeng meiner Hauglie tolkar brevet feil.

- Ei klønete formulering har skapt eit inntrykk av at Nav allereie i februar 2019 visste at folk sat i fengsel fordi vi behandla saker feil. Det stemmer ikkje, og det var ikkje det denne e-posten gjaldt. Då denne mailen vart skriven, var vi ikkje klar over at vi hadde feil lovforståing om opphald i EU/EØS, skriv Nav-sjefen til VG.

(©NPK)

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) og Nav-direktør Sigrun Vågeng (t.v.) på pressekonferansen i oktober, der dei opplyste om feiltolkinga av styresmaktene av EU-trygdeforordninga. No er dei usamde om når Nav forstod at feilen førte til at uskuldige menneske vart stilte for retten. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix