Nav-skandalen: Solberg open for at alarmen burde gått før

Statsminister Erna Solberg (H) ser ikkje bort frå at regjeringa hennar på eit tidlegare tidspunkt burde oppdaga og tatt tak i trygdeskandalen.

- Eg har ikkje uttalt meg om det spørsmålet, om vi burde slått alarm før, på noko som helst tidspunkt. Eg meiner vi skal vere opne for det som kjem fram i granskingsutvalet, sa ho.

- Vi skal vere audmjuke både om kvifor vi har den feilen som systematisk har vore der over lang, lang tid, og om vi har handtert den riktig i regjeringa mi. Det er derfor vi har sett ned eit granskingsutval, uttalte statsministeren.

SV-leiar Audun Lysbakken tok opp saka i Stortingets munnlege spørjetime onsdag. Han viste til at Stortinget denne veka fekk innsyn i brevet departementet fekk frå Nav i desember i fjor, det første varselet til departementet om saka.

- Det viser at departementet fekk klar beskjed om at ein skandale av det omfanget vi kjenner no, var ei moglegheit, sa han.

- Det er veldig god grunn til å spørje om ikkje alarmen burde gått for fullt i regjeringa i desember i fjor. Meiner statsministeren framleis at regjeringa hennar ikkje kunne og burde slått alarm før, sa han.

28. oktober vart det klart at norske styresmakter har tolka regelverket for eksport av velferdsytingar for strengt. Over fleire år har personar som hadde krav på ytingane, vorte dømt til straff og fått krav om tilbakebetaling.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (H) måtte svare på nye spørsmål om trygdeskandalen i Stortingets munnlege spørjetime onsdag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix