Annonse

NBA-stjerna Tim Duncan legg opp

(NPK-NTB-AFP): NBA-ligaen blir ei legende fattigare komande sesong. San Antonio Spurs-stjerna Tim Duncan legg opp.

Det offentleggjorde 40-åringen måndag, etter 19 sesongar på øvste basketballnivå i USA.

Veteranen blei drafta til Spurs i 1997 og har sidan då vore stjerna til Texas-laget. Alle sesongar har Duncan bidrege til at laget har kome seg til sluttspelet.

– 19 sesongar. Fem titlar. Eitt lag. Takk Tim Duncan, skriv klubben i ein hyllest på Twitter.

Duncan har vunne meisterskapen fem gonger, seinast i 2014. Tre gonger har amerikanaren blitt kåra til mest verdifulle spelar i finalen (MVP), og to gonger har han blitt kåra til den mest verdifulle spelaren i ligaen.

15 gonger har Duncan vore på all star-laget i ligaen, siste gong i 2015. Veteranen viste dermed at han kunne utgjere ein forskjell sjølv om han var i slutten av trettiåra. I ein alder av 40 år bestemte likevel Duncan at tida var inne for å slutte. Han går dermed inn i idrettspensjonistrekkjene saman med Kobe Bryant, som avslutta ein utruleg NBA-karriere i april i år. (©NPK)

Annonse