Annonse

Ndure droppar 100- og går for 200 meter i Rio-OL

(NPK-NTB): Jaysuma Saidy Ndure sesongdebuterte på 100-meteren med 10,35 i eit stemne i Clermont i Florida i helga. Det er så langt unna OL-kravet at han går for 200 meter i Rio.

– Kravet på 100 meter er ganske tøft, så vi har i grunnen ikkje sikta oss inn på det. Alt fokus blir på 200-meteren, der kravet for å komme med i Rio er på 20,50, og det bør ikkje vere noko problem når Jays er i form, seier trenar og mentor Olav Magne Tveitå til NRK.no.

Ndure har 19,89 som personleg rekord på 200-meteren, men det begynner å bli ein del år sidan. På den halve distansen er persen og den norske rekorden hans 9,99 sekund.

Han stiller både 100- og 200 meter i EM i Amsterdam i byrjinga av juli. Skulle han klare å springe under OL-kravet som er på 10,10 sekund der, er det slett ikkje sikkert han går for 100-meteren i OL.

Tveitå meiner det er klart best for Ndure å satse på berre ein distanse på Joao Havelange-stadion i Rio, og det blir den lengste av dei to sprintdistansane.

– Det er ingen tvil om at 200 meter er den beste distansen hans. Det er der han har størst sjanse til å klare kravet. Eg meiner også at 200 meter er ein snillare distanse med tanke på dei skadane han har slite med, seier sportssjefen i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen.

NRK skriv at det neste for Ndure no blir eit oppvisningsløp i Manchester 26. mai. Deretter er det meininga at han skal springe 100 meter i Hengelo to dagar seinare. Deretter er det Bislett Games 9. juni. Det ligg an til at Jays spring 100 meter i det stemnet. (©NPK)

Annonse