Nederlandsk mann arrestert for å ha drepe IS-krigarar

(NPK-NTB-AFP): Nederlandsk politi har arrestert ein tidlegare soldat mistenkt for å ha drepe fleire IS-krigarar medan han kjempa saman med kurdiske styrkar i Syria i fjor.

Den 47 år gamle mannen vart arrestert i byen Arnhem onsdag, ifølge rettsdokument. Han vart framstilt for varetektsfengsling fredag, der han vart lauslaten. Men siktinga mot han er halden ved lag.

Ifølge nederlandsk lov er det forbode for nederlandske statsborgarar å utøve vald.

Mannen er tidlegare soldat, men skal etter at han slutta i den nederlandske hæren, ha kjempa saman med den kurdiske YPG-styrken mot IS i Syria. Her har han ifølge siktinga drepe fleire IS-krigarar. (©NPK)