Nedgang på Oslo Børs fredag

Vekas siste handelsdag enda med ein nedgang på 0,74 prosent på Oslo Børs. Hovudindeksen enda dermed på 1.141,17 poeng fredag.

Blant dei mest omsette selskapa var Kahoot med ein oppgang på 2,6 prosent. Entra gjekk ned 2,3 prosent, medan Equinor var ned 1,6 prosent. Yara gjekk ned heile 3,7 prosent, medan Norsk Hydro enda med ein nedgang på 1,4 prosent.

Nedgangen på Oslo Børs kjem etter at eit fall på Wall Street.

Klokka 17 norsk tid var S&P 500 ned 0,8 prosent, Nasdaq ned 0,9 prosent og Dow Jones ned 0,6.

17. september er ifølgje CNBC ein viktig dato i den amerikanske aksjemarknaden sidan den siste tredelen av september historisk sett er månadens dårlegaste periode.

S&P 500-indeksen når som oftast toppen nettopp på datoen i dag før han fell utover september, skriv E24.

Blant børstaparane i dag var det medisinske teknologiselskapet SoftOx som fall 6,7 prosent etter at Miljødirektoratet har avvist at handdesinfeksjonen til selskapet kan omfattast av ei overgangsordning i perioden der søknaden om produktgodkjenning blir behandla. SoftOx meiner direktoratet har gjort ein feil, skriv Dagens Næringsliv.

Oljeprisen fall 1 prosent fredag. Eit fat nordsjøolje vart omsett for 74,9 dollar.

På dei viktigaste børsane i Europa var det òg ein raud dag. Både DAX 30 i Frankfurt og Londons FSE 100 var ned 1 prosent, medan CAC 40 i Paris var ned 0,6.

(©NPK)