Nedgangen heldt fram på Oslo Børs

Hovudindeksen Oslo Børs sokk 0,71 prosent tysdag, og enda på 977,01 poeng ved stengjetid.

Det har vore ein tung start på veka på Oslo Børs. Måndag enda sluttnoteringa på det lågaste nivået på 18 dagar (983,99 poeng). Tysdag heldt nedgangen fram. Ved stengjetid stansa hovudindeksen på 977,01 poeng, ein nedgang på 0,71 prosent.

Raude tal var det òg å sjå på dei mest omsette selskapa på børsen.

Equinor fall 1,12 prosent, Nel sokk 0,03 prosent, medan DNB og Yara International fall høvesvis 0,09 og 0,83 prosent.

Først når vi kjem til det åttande mest omsette selskapet tysdag, finn vi oppgang. Her ligg Aker BP, som steig 1,14 prosent.

Også oljeprisen steig tysdag. Ved stengjetid vart eit fat nordsjøolje omsett for 55,94 dollar, opp 0,11 prosent.

Blant dei tonegivande europeiske aksjeindeksane var det ikkje like raudt. DAX 30 i Frankfurt steig 1,97 prosent, CAC 40 i Paris steig 1,4 prosent, medan FTSE 100 i London låg opp 0,25 prosent tysdag ettermiddag.

(©NPK)

Oslo Børs enda ned 0,71 prosent tysdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB