Nedslåande VM-beskjed for Danmark: Meisterskapen over for Rej

Danmark må klare seg utan nøkkelspelaren Mia Rej i resten av handball-VM. Ho pådrog seg ein alvorleg kneskade i opningskampen mot Tunisia.

Like etter pausen høyrdest eit skrik i hallen i Granollers. Rej fall saman og tok seg til eit kne. Ho vart etter kvart frakta ut av arenaen på ein båre.

Fredag vart det stadfesta at skaden er omfattande. Ho pådrog seg ein leddbandskade som gjer at turneringa no er over for henne, opplyser Det danske handballforbundet.

– Eg ønskjer jentene alt det beste, seier Rej.

Uhellet skjedde då Rej og lagvenninne Mette Tranborg sprang i kvarandre.

– Eg landa oppå kneet hennar. Det er frykteleg å vere vitne til. Eg har sjølv vorte alvorleg kneskadd tidlegare i karrieren, sa Tranborg til den danske avisa Ekstra Bladet.

Danskane har henta inn Michala Møller som den 18. spelaren i troppen.

Danmark slo Tunisia 34–16 og har igjen gruppekampar mot Sør-Korea og Kongo-Brazzaville.

(©NPK)

Mia Rej (til venstre) skadde seg alvorleg i handball-VM. Foto: Bo Amstrup / NTB