Annonse

Nedtur for Hauger i Silverstone-kvalik: – Usikker på årsaka

Dennis Hauger greidde ikkje å køyre inn til eit toppresultat og vart berre nummer 13 i kvalifiseringa til helgas Formel 2-løp på Silverstone-banen i England.

Prema-laget la opp taktikken slik at Hauger måtte køyre seg opp mot slutten av kvalifiseringa fredag, men Aurskog-guten fekk ikkje den farten han trong.

Dermed enda han utanfor topp ti og får ugunstige startposisjonar gjennom helga. Han må køyre frå 13.-plass både laurdag og søndag.

– Eg er sjølvsagt skuffa, og førebels er eg usikker på kva som er årsaka til den dårleg kvalifiseringa. Vi skal, saman med ingeniørane, jobbe utover kvelden. Forhåpentleg finn vi eit bra oppsett for løpa. Det er dessverre eit vanskeleg utgangspunkt på denne banen, seier Hauger i ei fråsegn.

Han viser til at forbikøyringar er vrie å få til på den legendariske motorbanen i Silverstone.

F2-reglane tilseier at startrekkjefølgja i sprintløpet blir snudd på hovudet for dei ti beste i kvaliken. Det betyr at indaren Jehan Daruvala på 10.-plass køyrer ut først i sprinten laurdag. Søndag startar bilane hovudløpet etter plasseringane dei fekk fredag.

Logan Sargeant frå USA var best i kvalifiseringa.

Haugar har to sigrar hittil som Formel 2-førar. Dei kom på sprinten i Monaco i slutten av mai og i hovudløpet i Aserbajdsjan to veker seinare.

(©NPK)

Dennis Hauger då han vann hovudløpet i Formel 2-helga i Aserbajdsjan sist månad. Foto: Grand Prix Photo / NTB