Annonse

Nedtur for Woods i British Open

British Open enda i nedtur for golflegenda Tiger Woods (43). Han gjekk eitt slag under par fredag, men klarte ikkje cuten i Nord-Irland.

Annonse

British Open enda i nedtur for golflegenda Tiger Woods (43). Han gjekk eitt slag under par fredag, men klarte ikkje cuten i Nord-Irland.

Woods hadde ein forferdeleg opningsrunde torsdag. Då gjekk han heile sju slag over par. Noko betre gjekk det fredag, då amerikanaren gjekk eitt slag under par. Men med ein total på seks slag over par var ikkje nok til å få spele dei to avgjerande dagane av storturneringa.

Woods starta lovande fredag, men avslutta dagen med to strake bogeyar.

Dette er tredje gong på 21 deltakingar at Woods ikkje klarer cuten. Det same skjedde også i 2009 og 2015.

(©NPK)

Tiger Woods fekk det ikkje til å stemme i British Open. Foto: Peter Morrison / AP / NTB scanpix