Annonse

Nedturen held fram på Oslo Børs

Fleire av tungvektarane på Oslo Børs sleit tungt på den første handledagen i veka, og bidrog til at hovudindeksen fall med 1,32 prosent til 819,83 poeng.

Av dei mest omsette selskapa var det særleg gjødselselskapet Yara (-2,3 prosent) og petroleumsselskapa Equinor (-2,1), Aker BP (-3,1) og Subsea 7 (-2,8) som utmerkte seg med klare fall i aksjeverdien.

Lenger ned på omsetningslista finn vi mellom anna TGS-Nopec, Norwegian og PGS som fall heile 4,0, 4,9 og 5,3 prosent. Også DNO, Storebrand og XXL hadde ein tung dag, alle med fall i aksjeverdien med over 3 prosent. Dei sjeldne lyspunkta på mandag var oppdrettsselskapa SalMar og Grieg Seafood, med oppgang på 2,6 og 3,3 prosent.

Også på dei viktigaste europeiske børsane var det klar nedgang måndag. FTSE 100-indeksen i London fall 1,1 prosent, mens CAC 40 i Paris svekte seg 1,2 prosent og DAX 30 i Frankfurt 1,4 prosent.

Nordsjøolja vart ved børsstengetid omsett for 60 dollar fatet, ein nedgang på 0,5 prosent frå førre veke. Prisen på amerikansk lettolje hadde samtidig falle med 0,9 prosent til 50,3 dollar.

(©NPK)

Hovudindeksen på Oslo Børs fall over 1,3 prosent mandag. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix