Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Johan Falnes): I ei ny spørjeundersøking seier 44 prosent av dei spurte MDG-veljarane at dei ikkje har bil.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 17:28
Delen spurte som ikkje har bil er meir enn dobbelt så høg blant veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne enn hjå andre, viser Klimabarometeret 2016. I heile utvalet seier 18 prosent av dei spurte at dei ikkje har bil.
MDG-veljarane er òg dei som oftast har elbil eller ladbar hybridbil. Heile 9 prosent av MDG-veljarane seier dei har elbil, mot 3 prosent blant alle som er spurt.
– Sjølvsagt er veljarane til Miljøpartiet Dei Grøne meir miljømedvitne enn landsgjennomsnittet. Men i lokalvalet i 2015 vaks vi mest i Distrikts-Noreg der folk har og køyrer bil. Der jobbar vi for miljøvennlege billøysingar, for å byggje ut elbilnettet, få i gang ein hydrogensatsing, i tillegg til den storsatsinga vi jobbar for på tog og kollektivtransport. seier nasjonal talsperson Rasmus Hansson til NTB.
Fire av fem MDG-veljarar meiner samstundes at norske politikarar gjer for lite for å avgrense utsleppa av klimagassar i Noreg og heile 94 prosent seier dei er opptekne av kva dei sjølv kan gjere for klimaet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.