Annonse

Netanyahu lovar svar på rakettangrep

Sju menneske vart lettare såra då ein rakett frå Gazastripa trefte eit hus nord for Tel Aviv måndag, få timar etter nye israelske angrep mot enklaven.

Israelske stridsvogner angreip søndag kveld det som vart omtalt som ei Hamas-stilling nord på Gazastripa. Ifølgje den israelske hæren var det sendt ballongar med sprengladningar og kasta brannbomber mot grensegjerdet frå området. Ein palestinar vart såra i angrepet.

Natt til måndag angreip israelske fly ytterlegare to mål på Gazastripa, begge omtalt som Hamas-stillingar. Ingen vart såra i angrepet.

I morgontimane måndag slo ein rakett fyrt av frå Rafah sør på Gazastripa ned i eit hus i Mishmeret, eit landleg område rundt 40 kilometer nord for Tel Aviv.

Ingen har tatt på seg ansvaret for rakettangrepet, men Israel skuldar Hamas for å stå bak og har sendt ytterlegare to brigadar til grensa. Hamas nektar, og held fast på at raketten ikkje kom frå dei.

- Ingen i motstandsrørsla, heller ikkje Hamas, har noka interesse av å fyre av rakettar frå Gazastripa mot fienden, heiter det i ei kunngjering frå rørsla, som har kontrollert enklaven sidan valsigeren i 2006.

Lettare skader

Israelske naudetatar opplyser at to kvinner fekk mindre splintskadar i angrepet. Fem andre, blant dei tre barn, vart behandla for lettare skadar.

Statsminister Benjamin Netanyahu, som måndag møter president Donald Trump, har avlyst eit møte hos den proisraelske lobbyorganisasjonen AIPAC i Washington og returnerer til Israel etter besøket i Det kvite hus.

Netanyahu viser til rakettangrepet måndag og opplyser at han personleg tett vil følgje Israels svar på dette.

Valkamp

Den israelske statsministeren står midt oppe i ein valkamp der han møter uventa sterk motstand.

Tidlegare forsvarssjef Benny Gantz, som leidde to store militæroffensivar mot Gazastripa der 2.425 palestinarar vart drepne, blir rekna som Netanyahus fremste utfordrar.

Gantz har fått med tidlegare forsvarsminister Moshe Yaalon og tidlegare forsvarssjef Gabi Ashkenazi på laget og gått i koalisjon med TV-journalisten Yair Lapid og partiet hans Yesh Atid.

Til saman representerer dei den største politiske utfordringa Netanyahu nokosinne har stått overfor, og meiningsmålingar tyder på at utfallet av valet 9. april kan bli svært jamt.

Korrupsjonsskuldingar

Israels riksadvokat Avichai Mandelblit utgjer òg ein stor trussel for den israelske statsministeren, etter at han for få veker sidan konkluderte med at Netanyahu bør tiltalast for mutingar, bedrageri og økonomisk utruskap.

Dersom Netanyahu i innspurten av valkampen innleier endå ein stor offensiv mot Gazastripa, for å fjerne søkelyset på korrupsjonsskuldingar, og vise at han til liks med Gantz, Yaalon og Ashkenazi er militært handlekraftig, vil det ikkje komme overraskande.

Knusande FN-rapport

FN-granskarar skulda nyleg Israel for moglege krigslovbrot og lovbrot mot menneskja som følgje av maktbruken mot uvæpna sivile på Gazastripa.

Palestinarane på Gazastripa har det siste året halde vekevise demonstrasjonar nær grensegjerdet mot Israel, og israelske soldatar har ifølgje granskarane med overlegg skote mot uvæpna demonstrantar med skarp ammunisjon.

Over 190 palestinarar er drepne, blant dei barn, helsearbeidarar og journalistar. Over 6.000 andre er trefte av skarpe skot og såra, mange for livstid.

Seinast fredag vart to palestinarar skotne og drepne under ein demonstrasjon, og søndag døydde ein 24-åring av skadane han tidlegare hadde fått. Israel avviser rapporten frå FN-granskarane som «absurd» og «løgnaktig».

(©NPK)

Sju menneske fekk lettare skadar då ein rakett frå Gazastripa slo ned i eit hus i Mishmeret nord for Tel Aviv måndag morgon. Foto: AP / NTB scanpix

Israels statsminister Benjamin Netanyahu, som møter sterke utfordrarar i valkampen heime, besøkte måndag president Donald Trump. Dette bildet er frå då dei to møttest i mars i fjor. Foto: AP / NTB scanpix