Annonse

Netanyahus son utestengt frå Facebook

Statsminister Benjamin Netanyahus son Yair har endå ein gong hamna i hardt vêr etter å ha komme med muslimhets på Facebook.

Annonse

27-åringen posta i førre veke fleire innlegg på Facebook der han tok til orde for å utvise alle muslimar frå Israel.

- Anten må alle jødar dra, eller så må alle muslimar dra. Eg føretrekker det siste, skreiv han mellom anna.

Innlegget vart posta som ein reaksjon på at to israelske soldatar vart skotne og drepne på den okkuperte Vestbreidda.

- Veit de kvar det ikkje skjer slike angrep? På Island og i Japan, der det tilfeldigvis ikkje finst muslimar, skreiv Yair Netanyahu i eit anna innlegg.

- Monster

- Det vil aldri bli fred med desse monstera som sidan 1964 har kalla seg sjølv for «palestinarar», skriv han òg.

Facebook sletta innlegga, noko som fekk Netanyahus son til å rase på Twitter. Der skylda han Facebook for å vere eit diktatur som knebla ytringsfridommen.

- Tankepolitiet til dei radikale og progressive i Facebook har funne meg, skreiv han mellom anna, og la ut skjermbilde av postane som var sletta.

Det siste strider mot Facebooks reglar og sonen til den israelske statsministeren vart deretter utestengt i 24 timar.

Antisemittisk karikatur

Yair Netanyahu har òg tidlegare vakt oppsikt, mellom anna i fjor då han la ut ein antisemittisk karikatur av den jødiske mangemilliardæren George Soros på internett.

Posten vart delt av tidlegare Ku Klux Klan-leiar David Duke og andre kjente antisemittar. «Velkommen til klubben, Yair» skreiv Duke i ein kommentar.

Yair Netanyahu har òg omtalt Israels tidlegare statsminister Ehud Barak som fyllik og komme med krasse utfall mot ei rekkje andre av dei politiske motstandarane til faren.

Strippeklubbar

Tidlegare i år var han òg i søkjelyset etter at det dukka opp eit lydopptak der han skrytte av korleis faren hadde sikra den israelske gassmagnaten Kobi Maimon ei lukrativ avtale.

I samband med det kom det òg fram korleis Yair Netanyahu, som framleis bur heime hos foreldra og har statslønna sjåfør og livvakter, hadde vore på fleire strippeklubbar saman med Maimons son og at dei to krangla om kven som skulle betale rekninga for ein prostituert.

Sonen til den israelske statsministeren fekk òg brei omtale og straff i 2012 etter å ha stukke av frå militærtenesta for å ete heime hos foreldra, for deretter å lyge om kvar han hadde vore.

(©NPK)

27 år gamle Yair Netanyahu, som er son av Benjamin og Sara Netanyahu (bildet), vart kasta ut av Facebook etter muslimhets. Foto: AP / NTB scanpix