Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Bjørnar Neteland (24) frå Fana sikra seg sigeren i europacupen samanlagt med svært liten margin.
npk@npk.no
Publisert: 17.03.2016 kl 17:00
I spanske La Molina torsdag vart 24-åringen nummer 15 i det avsluttande slalåmrennet. Han måtte minst bli nummer 16. Dermed enda han på poengsummen 712 mot austerrikske Christian Walders 710.
– Det har vore mange tankar i hovudet siste veka, og då er det kjempedeilig å avgjere i siste omgang for sesongen. Maren Skjøld gjorde dagen endå betre då ho vann både slalåmcupen og totalen, seier Neteland.
– I går var eg 1/100 sekund frå å avgjere europacupen, og var sur på meg sjølv fordi eg ikkje klarte å avgjere. Viss eg hadde køyrt tre hundredelar saktare i dag, ville eg blitt nummer to i samandraget. Det handlar om små marginar. Eg har køyrt på ski lenge, og har hatt utfordringar mentalt med å prestere på topp. Denne sesongen gir stor inspirasjon, og no blir det naturleg å omstille seg til renn i verdscupen neste sesong, seier Neteland.
Han er den fjerde nordmannen i historia som vinn europacupen samanlagt. Tidlegare har Kjetil Jansrud, Aleksander Aamodt Kilde og Jarle Halsnes gjort det same.
– Bjørnar viser styrke med å levere når han må i siste omgang for å vinne cupen. Veldig få har vunne europacupen samanlagt, og det viser at Bjørnar er ein sterk allrounder, fortel sportssjef Claus Johan Ryste. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.