Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Nettbutikken Komplett etablerer seg som mobiloperatør under namnet Komplett Mobil. I fjor selde selskapet 175.000 mobiltelefonar.
npk@npk.no
Publisert: 02.06.2016 kl 08:03
Komplett har rekna seg fram til at det skal vere mogleg for dei å tene pengar som mobiloperatør i ein krevjande konkurranse med andre operatørar, skriv Dagens Næringsliv.
– Vi har grubla på dette eit par års tid. Vi er den største forhandlaren av telefonar utan abonnement i Noreg, og mange av våre kundar har etterlyst moglegheita til også å kjøpe abonnement gjennom oss, seier konsernsjef Ole Vinje i Komplett.
Han seier målet ikkje er å vere ein lågprisaktør, men at dei ønskjer å selje abonnement med «attraktive datapakker til ein ganske aggressiv pris». Komplett Mobil brukar Telenors nettverk og tilbyr både 4G og 4G+ til sine abonnentar.
Det var i fjor 5,7 millionar mobilabonnentar i Noreg, 5,1 millionar av desse er hos Telenor, Telia og deira underselskap. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.