Annonse

New Zealand held folkerøysting om cannabis

New Zealand vil halde ei folkerøysting om legalisering av marihuana for personleg bruk i 2020.

Annonse

Avstemminga skal skje samtidig som neste val blir arrangert, opplyser justisministeren i landet Andrew Little.

Folkerøystinga er ein del av ein koalisjonsavtale mellom miljøpartiet Greens og Labour.

Ifølgje talsperson Chloe Swarbrick i Greens er ulovleg bruk av marihuana utbreidd over heile landet.

- Det er ingen kvalitetskontroll, noko som kan forverre helserisikoen, og stoffet blir selt av gjengar, som bidreg til vald og kriminalitet i lokalmiljøa våre, seier ho.

Førre veke vedtok New Zealand eit lovforslag om å legalisere bruken av marihuana til medisinsk bruk.

Blir det fleirtalet i folkerøystinga, blir New Zealand det fjerde landet i verda som legaliserer cannabis for folk flest. Frå før har Canada, Sør-Afrika og Uruguay legalisert marihuana, i tillegg er det lovleg i enkelte delstatar i USA. Førstnemnde er den største marknadsplassen i verda for marihuana og gjekk tomme for cannabis to veker etter legaliseringa.

(©NPK)

I 2020 kan innbyggjarane i New Zealand stemme over om dei vil at landet skal legalisere cannabis. Foto: AP / NTB scanpix