New Zealand må gjere om på koronahistoria etter nyoppdaga tilfelle

New Zealand rapporterte onsdag om seks nyoppdaga smittetilfelle, som også er dei tidlegast kjende tilfella av covid-19 i landet.

Det eine stadfeste smittetilfellet og dei andre fem sannsynlege tilfella stammar frå februar.

Ein person på besøk frå Italia vart sjuk med symptom som stemmer overeins med koronavirus. Fleire personar i familien vart òg sjuke, men familiemedlemmen hadde ikkje reist via Kina og ingen vart derfor testa for covid-19.

– Italia var ikkje på det tidspunktet reknar som eit usikkert land med tanke på smitte, opplyser helsedepartementet.

Smitten vart først oppdaga etter at ein av personane frå familien fekk sår hals i september og vart testa. Testen avdekte ein gammal infeksjon.

Personen frå Italia er dermed det første koronatilfellet på New Zealand sidan vedkommande melde om symptom 21. februar. Frå før vart ein reisande frå Iran 28. februar rekna som det første tilfellet i landet.

– Som følgje av det vil dei andre medlemmene av familien bli rekna som dei første lokale koronatilfella på New Zealand, seier helsedepartementet, som legg til at smittetilfella skal undersøkjast vidare.

New Zealand har rapportert i alt 1.824 smittetilfelle og har meldt om 25 koronarelaterte dødsfall.

(©NPK)