Annonse

New Zealands parlament stemte for aktiv dødshjelp

New Zealands nasjonalforsamling har vedtatt eit forslag om aktiv dødshjelp. No skal forslaget stemmast over i ei folkeavstemming.

I to år har debatten om i kva grad ein skal legalisere eutanasi, eller aktiv dødshjelp, gått føre seg i landet.

69 representantar i parlamentet stemte for forslaget. 51 stemte mot.

Meiningsmålingar viser at forslaget ligg an til å bli vedtatt i folkeavstemminga neste år.

Forslaget opnar for at dødssjuke pasientar, som er venta å døy i løpet av dei neste seks månadene, kan få aktiv dødshjelp. Det er òg eit kriterium at dei lid av «uuthaldeleg liding» som ikkje kan lindrast.

(©NPK)