Annonse

NFF-topp fryktar at fotball-stopp gir fråfall i barneidretten

NFF-generalsekretær Pål Bjerketvedt er uroleg for at aktivitets-stoppen under viruspandemien vil gi negative utslag på rekrutteringa til breiddefotballen.

Annonse

Store delar av aktiviteten i norsk idrett har den siste tida vore stansa som eit ledd i kampen mot koronaviruset. I fotballfamilien er sesongførebuingane påverka på alle nivå.

Permisjonar på både topp- og breiddenivå er òg ein del av biletet.

På klubbnivå er mange urolege for at barn og unge kan komme til å slutte med fotball som følgje av mangel på tilbod.

– Den uroa deler eg veldig, og særleg fordi vi er på den tida av året som vi er. Det er no sesongane byrjar, det er no mange barn og unge skulle vore ute på banen og gjort seg klare for kampsesongen, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i Norges Fotballforbund til NTB.

Han peikar vidare på at særleg dei yngste, som skulle ha byrja for første gong eller så vidt er nyrekrutterte til fotballaktivitet denne sesongen, ikkje har ein arena å delta på.

– Dermed kan vi risikere at dei rett og slett ikkje startar, og at andre som er i fotballen òg finn andre aktivitetar og andre interesser. Det er trist. Held dei fram med ein idrett er det bra, men eg er redd at vi kan miste mange aktive no i denne perioden viss dette varer ved, seier Bjerketvedt.

Frustrerande

Styresmaktene har inntil vidare lagt ned forbod mot organisert idrettsaktivitet. Samtidig er det opna for at grupper på fem personar kan opphalde seg saman i det offentlege rommet. Føresetnaden er at dei held éin meters avstand.

Både Norges Fotballforbund og Norges idrettsforbund har uttrykt at det knyter seg stor uvisse til kva dei sistnemnde restriksjonane inneber – både med omsyn til kva som blir definert som organisert trening og eventuelle moglegheiter for å drive uorganisert idrettsaktivitet.

Bjerketvedt er klar på at fotballen skal ta sin del av ansvaret for å ikkje spreie smitte gjennom aktivitetane sine, men etterlyser samtidig tydelegare retningslinjer frå styresmaktshald.

– Vi har dagleg dei siste dagane bede styresmaktene om å avklare dette og har fått litt ulike signal, noko som er frustrerande på vegner av norsk fotball, seier generalsekretæren til NTB.

Vil ha klare føringar

Han peikar òg på at kommunane handterer og praktiserer restriksjonane ulikt.

– Somme stengjer, andre opnar, somme tillèt litt og ein del tillèt openbert meir. Her meiner vi styresmaktene må gå inn og gi tydelege signal om korleis ein skal forstå dette, seier NFF-toppen.

Tysdag opna Norsk Toppfotball for at spelarar i eliteserieklubbane kan trene saman. Føresetnaden er at dei ikkje er fleire enn fem personar i gruppa, og at dei til kvar tid held ein meters avstand.

– Det har eg svært stor forståing for, men likevel meiner eg at styresmaktene må gi endå klarare føringar, slik at også særleg barn og unge som ønskjer og treng ein stad å vere for å utøve aktivitet og få ut energi, kan gjere det på tilgjengelege banar. Ikkje for å bryte reglar, men innanfor dei gjeldande reglane, seier Bjerketvedt.

Når den organiserte fotballen byrjar å rulle igjen på norske banar, er heilt uvisst. Fotballforbundet jobbar no ut frå at eliteserien skal sparkast i gang 23. og 24. mai.

(©NPK)

Generalsekretær Pål Bjerketvedt ser ikkje vekk frå at virussituasjonen vil påverke rekrutteringa til breiddefotballen negativt. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix