NFL-ikonet Tom Brady legg opp: – Denne gongen er det for godt

Quarterbackstjerna Tom Brady (45) har bestemt seg for å avslutte den aktive NFL-karrieren sin for godt. Han har før gjort retur frå «pensjonisttilvære».

Brady spelte sist for Tampa Bay Buccaneers og har vunne Superbowl sju gonger, seks gonger med New England Patriots og éin med Buccaneers. Florida-laget rauk ut i første runde av årets NFL-sluttspel.

Brady annonserte etter førre sesong at han ville gi seg, men berre nokre månader seinare kom han tilbake til idretten.

Etter sesongen i år er det definitivt slutt, seier han i ei emosjonell videomelding på Twitter.

– Eg legg opp, denne gongen for godt. Det var ein ganske omfattande prosess sist, så eg tenkte at eg berre skulle lage ein video i det eg stod opp i dag. Tusen takk til alle for å støtte meg, både familie, venner, lagkameratar og motstandarar, seier Brady, medan han kjempar mot tårene.

Brady vart drafta inn i NFL i 2000 og spelte i 19 år for Patriots, der han leidde laget til heile seks Superbowl-titlar. I 2020 skifta han til Buccaneers, der han leidde klubben til Superbowl på første forsøk. Etter fjorårssesongen skulle han leggje opp, men han vart overtalt til å ta ein sesong til.

Brady har fem gonger vorte kåra til Superbowls mest verdifulle spelar. Han avslutta karrieren med 649 touchdowns.

– Tusen takk for at eg fekk leve den absolutte draumen min. Eg ville ikkje endra noko, seier Brady.

I oktober vart det klart at Brady og Gisele Bündchen skulle skilje seg etter 13 år. Dei har to barn saman, medan Brady har ein eldre son frå eit tidlegare forhold.

(©NPK)

NFL-stjerna Tom Brady legg opp. Foto: Chris Pizzello / AP / NTB