Ni personar drepne i bombeangrep i Somalia

Minst ni personar vart drepne, blant dei ein tidlegare utanriksminister, då ei bilbombe vart utløyst av ein sjølvmordsbomber nær presidentpalasset onsdag.

Det vart først opplyst at minst tolv menneske var drepne i bilbombeangrepet mot ein militærpost i Somalias hovudstad Mogadishu, men dette vart seinare korrigert. Angrepet skal ha vorte uført av ein sjølvmordsbomber ved ein tryggingspost under morgonrushet. Fleire bygningar i nærleiken vart øydelagt.

- Minst ni personar vart drepne, mellom anna tidlegare utanriksminister Hussein Elabe Fahiye som no var rådgivar for presidenten, opplyser politikaptein Mohamed Hussein til AP.

Ifølgje politiet skal målet ha vore offentleg tilsette som sat i bilar i morgontrafikken.

I tillegg til dei døde vart 13 personar såra i angrepet, dei fleste soldatar.

Den ytterleggåande islamistgruppa al-Shabaab har via den opprørarvennlege radiostasjonen Andalus tatt på seg ansvaret for angrepet.

(©NPK)

Vraket etter bilen der ein sjølvmordsbombar sprengde seg og bilane rundt i lufta låg igjen i Somalias hovudstad Mogadishu onsdag. Foto: Farah Abdi Warsameh / AP / NTB scanpix

Bygningar rundt vart også øydelagde i eksplosjonen då ein sjølvmordsbombar sprengde seg og bilane rundt i Somalias hovudstad Mogadishu onsdag. Foto: Farah Abdi Warsameh / AP / NTB scanpix