Annonse

Nilsen gjekk til ho spydde, tok ny verdscupsiger

Paralangrennsløpar Vilde Nilsen gjekk i kjellaren og kasta opp to gonger på 15-kilometeren i verdscupen på Lillehammer fredag. Påskjønninga vart siger.

Annonse

– Eg følgde planen og hang på ryggen til Kononova som eg tok att. Så var eg jo litt kvalm då, og litt uheldig ved at eg spydde to gonger undervegs i løpet, men det gjekk greitt. Kanskje er det litt ekstra nervar som må til, la ho til.

Nilsen kalla opplevinga på fredag eit sliteløp.

– Eg skjønte at det vart tungt, så eg måtte lytte godt til trenar Magnus etter andre runde. Då var det berre å ta det roleg og kontrollert, og skyve godt på skia i starten, så kunne eg auke på litt meir mot slutten, sa Nilsen.

Dermed følgde ho opp den sterke sigeren på torsdag i mjøsbyen. Då gjekk den regjerande verdscupvinnaren inn til siger på kortdistansen, på dagen eitt år etter at ho tok den første verdscupsigeren sin.

Fredag hadde ho den ukrainske duoen Oleksandra Kononova og Liudmyla Liasjenko nærast på resultatlista.

– Eit svært godt disponert løp av Vilde, samtidig som ho hamna i ein litt uvand situasjon og kjempa kvinne mot kvinne med ukrainaren Kononova som vart nummer to. Det er god løpserfaring å ta med seg, seier landslagstrenar Magnus Evenby.

(©NPK)

Vilde Nilsen vann også fredag. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix