Annonse

Njåtun om VM-sjansen: – Hadde avslutta sesongen min mentalt

Ida Njåtun vart slått av Hege Bøkko i det norske VM-uttaket. No har ho fått beskjed om å stille til sprint-VM i Vikingskipet likevel.

Den gledelege meldinga kom tysdag.

Njåtun innrømmer gjerne at ho hadde avskrive å få sjansen i meisterskapen på heimebane.

– Eg hadde akkurat avslutta ei økt i styrkerommet. Eg hadde jo avslutta sesongen min mentalt, men kanskje eg får eit løft i VM, sa Njåtun på pressekonferansen føre VM på Hamar onsdag.

På herresida er Henrik Fagerli Rukke førstereserve. Heilt umogleg er det dermed ikkje at også han kan få sjansen i Vikingskipet.

– Kjem det eit avbod frå ein løpar til, så er Henrik inne, seier generalsekretær i Norges Skøyteforbund, Håkon Dahl til NTB.

VM startar med 500- og 1000-meter for menn og kvinner fredag.

(©NPK)

Ida Njåtun skal gå allround-VM på heimebane i Vikingskipet i helga. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix