No er det fleire koronautbrot på sjukeheim og sjukehus igjen

Medan rapporterte utbrot på skular og i barnehagar går ned, aukar talet på nye utbrot på helseinstitusjonane til det høgaste gjennom pandemien.

I førre veke vart det rapportert om 28 nye utbrot på helseinstitusjonar. Ifølgje Folkehelseinstituttet er dette det høgaste talet på éi veke gjennom heile koronapandemien. Til saman dei siste to vekene er det rapportert heile 53 slike utbrot.

Dei fleste av utbrota er mindre enn før dei fleste av oss fekk to koronavaksinedosar, men likevel stig dødstala på sjukeheim og helsehus i kommunane.

Av totalt 87 koronadødsfall som er registrert dei to siste vekene, har 44 skjedd i kategorien «andre helseinstitusjonar», som inkluderer sjukeheim og helsehus. Dei siste fire vekene er det til saman registrert 70 dødsfall i denne kategorien. Medianalderen på dei døydde 85 år.

Forskrekka over smitten

På sjukeheimen Ramsvigtunet i Stavanger har tre bebuarar døydd i november etter eit koronautbrot der 24 fullvaksinerte bebuarar og 24 tilsette vart smitta. Direktør for helse og velferd i Stavanger kommune, Eli Karin Fosse, seier at dei framleis ikkje er heilt sikre på om smitten kom frå ein tilsett eller frå ein pårørande.

– Det var smitte i miljøet der i nokre dagar utan at det vart oppdaga. Det er ei utfordring no at folk kan gå med smitte utan å ha nokre symptom i det heile, seier ho.

Det første smittetilfellet vart oppdaga 4. november, alle vart testa og ti smittetilfelle vart oppdaga blant bebuarane. Deretter vart det innført eit omfattande testregime, isolering og besøksstopp.

Alle dei smitta bebuarane var fullvaksinerte, men dei hadde ikkje fått den tredje dosen sin. Fullvaksinert var òg nesten alle dei tilsette, og i forkant av utbrotet hadde Stavanger kommune innført munnbindbruk for dei tilsette.

– Vi vart forskrekka over at det kunne smitte så fort i eit miljø der nesten alle var fullvaksinert, seier Fosse.

Ho trekkjer samtidig fram at sjølv om mange vart smitta, fekk dei fleste nokså lette symptom.

Kjerkol åtvarar mot for strenge tiltak

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) seier til NTB at auken i dødsfall viser at pandemien ikkje er over, og at det er viktig at alle bidreg til å få ned smitten.

– Eg har den største medkjensla med dei som har mista sine kjære. Dei eldste er mest utsette for alvorleg sjukdom og død som følgje av koronaviruset, seier ho.

Helseministeren meiner at det aller viktigaste for å verne dei eldre er å få fortgang på tredjedosevaksineringen. Ho påpeikar at dei eldste har vore hardt ramma av alle smitteverntiltaka. Dei strenge besøksreglane på sjukeheimane har ført til at mange har vorte isolert og har kjent seg einsame.

– Det er viktig at vi ikkje har strengare tiltak enn nødvendig. Men dersom det er utbrot i ein kommune eller på ein sjukeheim, er det viktig at det blir teke tak i raskt, seier Kjerkol.

Ho minner om at FHI har klare råd om tiltak til kommunar som har utbrot på sjukeheim.

Kan bli fleire dødsfall

Jacob Dag Berild er lege ved avdeling for smittevern og vaksine ved FHI. Han seier til NTB at hoppet i dødsfall reflekterer det generelle smittetrykket i samfunnet. Han trekkjer òg fram auken i varsla utbrot på sjukeheim og sjukehus.

– Sidan dette er stader der det er mange menneske med høg risiko for alvorleg utvikling av covid-19, vil dette òg kunne føre til ein auke i dødsfall. Vi ventar at pandemien framleis vil føre til nokre få titals dødsfall kvar veke i tida framover, seier han.

Når smitten aukar lokalt, har FHI forsterka råd for dei ulike helsetenestene om kva tiltak dei bør setje i verk. Desse råda blir sende til kommuneoverlegane og helsetenesta, opplyser Berild.

Oppfriskingsdose vil verne

Det viktigaste må framleis vere å verne folk med risiko for alvorleg utvikling og innlegging, dei uvaksinerte og dei eldste, meiner han.

– Oppfriskingsdosen til dei eldste vaksinerte vil forhåpentleg verne dei ytterlegare. I tillegg må helsepersonell rundt desse eldre tilbydast ein slik dose for å redusere faren for smitte til pasientane ytterlegare, seier Berild.

Han understrekar at alvorlege utfall framleis kan finnast sidan ingen vaksinar gir 100 prosent vern, og han oppmodar folk til å følgje dei generelle smittevernråda endå betre.

FHI-tal onsdag viste at 32 prosent av dei over 65 år har fått tredje vaksinedose.

(©NPK)

Talet på varsla utbrot i helseinstitusjonar er på sitt høgaste gjennom pandemien. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) åtvarar mot å innføre strengare tiltak enn nødvendig på helseinstitusjonane. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Møre bruker cookies (informasjonskapsler) til å personalisere annonser og forbedre nettstedet. Ved å benytte nettstedet aksepterer du at vi kan sette cookies i din nettleser.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...