No er det påvist: Ein kan lære nye ord i søvne

For første gong har forskarar vist at vi kan lære ord frå eit heilt nytt språk mens vi er i djup søvn, og finne dei i minnet etter at vi vaknar.

Tida i draumeland har vorte sett på som lite produktiv og eitt spørsmål har stått sentralt i søvnforskinga: Kan ein bruke tida ein søv til å lære, til dømes eit heilt nytt språk? Fleire søvnforskarar har tidlegare tvilt på det, men no meiner ei tverrfagleg gruppe ved universitetet i Bern i Sveits at det er mogleg.

Testpersonar som sov på dagtid fekk lese opp eit utval gloser, alle store eller små objekt som hus, elefant, nøkkel og kork, frå eit fiktivt språk med tilhøyrande omsetjingar. Orda vart lesne opp fleire gonger. Under spesifikke fasar av djup søvn vart det danna minneformasjonar i hippocampus, hjernens kanskje viktigaste minnebank.

Etter at dei vart vekt, fekk personane dei nye orda lest opp for seg i vaken tilstand og klarte i stor grad å plassere dei i ulike kategoriar etter storleik.

Testpersonane klarte med andre ord å hente fram frå minnet assosiasjonar til fleire ord på eit heilt nytt språk som dei ikkje kunne før dei tok seg ein lur tidlegare på dagen.

Spennande og viktig

Professor Katharina Henke ved institutt for Psykologi ved Universitetet i Bern har leidd forskingssamarbeidet «Decoding Sleep» saman med Marc Züst og Simon Ruch. Ho spår at forsking på korleis ein kan dra nytte av læring under djup søvn, vil bli eit tema i åra som kjem. Det vil òg bli eit tema kva for konsekvensar det kan få å tilføre hjernen informasjon i ubevisst tilstand.

Søvnforskar Bjørn Bjorvatn er leiar og professor ved Nasjonalt kompetansesenter for søvnsjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

- Dette er spennande resultat, som igjen viser at søvn er veldig viktig. Her viser forskinga tyding for minne og læring, og fleire andre studium har òg vist viktigheita av søvn for ei rekke ulike funksjonar, seier han til NTB.

Same stad

Testresultata er publiserte i forskingstidsskriftet «Current Biology». Medforfattar Marc Züst meiner det er spesielt interessant at då testpersonane skulle assosiere noko til dei framande orda, vart minna henta fram frå same område i hjernen som minne blir lagra ved læring i vaken tilstand, hippocampus.

- Desse hjernekonstruksjonane ser ut til å forme minne, uavhengig av tilstanden av medvit - ubevisst under djup søvn eller bevisst mens ein er vaken, seier Züst.

Ein av dei andre forskarane på prosjektet, Simon Ruch, meiner resultata viser at òg avansert læring er mogleg under djup søvn.

Langt fram

Det er likevel lenge igjen til ein eventuelt kan legge seg til rette i horisontalen og lære seg eit språk flytande mens ein søv. Bjorvatn i Bergen minner om at ein likevel bør ta til seg at forskinga atter ein gong viser verdien søvnen har for at kroppen skal fungere.

- Tenk over kor mange som ikkje prioriterer å sove nok. Det har konsekvensar. Kanskje noko å tenke på, når ein om kvelden heller veljar å vere vaken ein time ekstra - i staden for å prioritere søvn, seier han til NTB.

(©NPK)

Tida under dyna har blitt sett på som lite produktiv og eitt spørsmål har stått sentralt i søvnforsking: Kan ein bruke tida ein søv til lære, til dømes eit heilt nytt språk? Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Det er ei stund igjen før ein kan sove seg gjennom undervisninga og likevel ha utbytte av den, men forskarar har no vist at djup søvn ikkje hindrar læring. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB scanpix

Språkkurs i framtida? Tenk om ein kunne brukt ettermiddagsluren kvar dag nokre veker før avreise til å utvide vokabularet på språket som blir snakka på feriedestinasjonen? Bokstaveleg tala ein draumesituasjon. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB scanpix