Nobelprisane blir delte ut i nedskalerte, lokale seremoniar

Alle nobelprismottakarar, bortsett frå fredsprismottakarane, får prisen i heimlandet. Først ut var den tanzanianske litteraturprisvinnaren Abdulrazak Gurnah.

Gurnah har budd heile sitt vaksne liv i Storbritannia og fekk prisen under ein seremoni måndag ettermiddag ved Sveriges ambassade i London.

Seinare same dag vil den italienske fysikaren Giorgio Parisi få sin pris under ein seremoni i Roma, medan fysikar Syukuro Manabe, kjemikar David W.C. MacMillan og økonom Joshua D. Angrist får medaljar og diplom i Washington i USA.

Fleire seremoniar vil bli haldne denne veka i Tyskland og USA. Fredag er årsdagen for prisgrunnleggjaren Albert Nobels død, og då skal det haldast ein seremoni i Stockholms stadshus der mellom anna svenske kongelege er til stades.

Nobelprisen består av eit diplom, ein gullmedalje og ein pengesum, for tida 10 millionar svenske kroner.

Fredsprisen blir delt ut i Oslo fredag 10. desember. Den filippinske journalisten Maria Ressa og Dmitrij Muratov frå Russland får prisen under ein litt nedskalert seremoni. Årsaka er auka omikronsmitte, spesielt i Oslo. Det blir òg munnbindpåbod.

(©NPK)

Årets nobelprisvinnar i litteratur, Abdulrazak Gurnah.
Foto: Matt Dunham / AP / NTB