Annonse

Nordlandsbanen er stengt fredag

Nordlandsbanen er framleis stengt mellom Ranheim og Vikhammer etter at eit tog spora av. Bane Nor har tilkalla spesialhjelp frå Oslo for å hjelpe til.

Annonse

Banen blir framleis halden stengd fredag kveld. Bane Nor opplyser at dei kjem med ei ny oppdatering laurdag morgon klokka 6.

Arbeidet med å berge arbeidstoget som natt til fredag spora av er venta å ta tid, skriv Nidaros.

Fleire tusen passasjerar er ramma av hendinga og togselskapet SJ Norge har sett opp alternativ til andre reiseruter og framkomstmiddel.

– Lokaltoga frå Trondheim og nordover, køyrar frå Trondheim til Ranheim. Derfrå går det busspendel til Hommelvik fortløpande. Frå Hommelvik går lokaltoget til Steinkjer, sa kommunikasjonssjefen i selskapet Hilde Lyng til Nidaros.

Passasjerar ved nattoget frå Trondheim til Bodø blir frakta med buss til Stjørdal, og deretter går toget.

(©NPK)

Nordlandsbanen er stengt fredag frå Trondheim og nordover. Bane Nor kjem med ei nyt vurdering klokka 06 laurdag. Arkivfoto: Terje Pedersen / NTB